top of page
IMG_5026.JPG

Om Veksthågån

IMG_4878_edited.jpg

Bøverdalen Veksthågå er ein liten markedshage i Lom, som dyrkar usprøytte grønsaker og blomar for salg lokalt.

 

 Markedshagen blei starta opp og hadde sitt fyrste produksjonsår i 2022. Arealet har sidan vorte gradvis utvida, til ca. 1,5 dekar.

Markedshagen blir dreve av Ingvild Visdal Aukrust, som er oppvakse på garden kor hagen befinn seg, Sygard Aukrust. 

På same areal som markedshagen har det vore dreve kjøkenhage gjennom fleire generasjoner, både til sjølvberging og til salg. I tillegg har det i mange generasjonar vore beite for husdyr, som har bidratt til å bygge opp matjorda det dyrkast i.

For å lykkast er ein avhengig av god dyrkningsjord og ivaretagelse av denne. Dei kortreiste grønsakene er dyrka på ein måte som skal ivareta jordlivet, og legge til rette for god matjord og produksjon i framtida. Eg ynskjer å jobbe for å fremme større biologisk mangfold og minimere forstyrring av livet i jorda. Det blir ikkje brukt sprøytemidlar og kunstgjødsel. Det blir i stor grad nytta norskproduserte frø, og eg aler opp småplantene sjølv.

Sal av grønsakene går føre seg via direkte sal til private kunder og bedriftskunder. Private kunder kan handle gjennom sjølvbetjeningsbu eller via lokalmatbutikken Smak i Lom.


©2022 by Bøverdalen Veksthågå. Proudly created with Wix.com

bottom of page